Troika er min absolutte favoritt-sjokolade, og lukka var stor då eg på restaurant Vognmand Nilsen oppdaga at dei hadde noko som heitte Troikakake på dessert-menyen sin (dessert-menyen er for øvrig det første eg sjekkar når eg er på restaurant; om det ikkje er sjokolade-dessertar på menyen er det diverre berre å pakke saman og gå...). Troikakaka til Vognmand Nilsen var aldeles nydeleg, og eg ville gjerne prøve å lage ei liknande sjølv. På nettet finst det fleire ulike oppskrifter; eg prøvde denne til 17. mai-feiringa vår i år:
Kakebotn
200 g malte mandlar
200 g melis
3 eggekviter
Pisk eggekvitene stive og rør forsiktig i malte mandlar og melis. Ha deigen i ei bakepapirkledd kakeform (i oppskrifta stod det 26 cm, men eg synst kaka vart litt låg og kjem til å bruke 24 cm neste gong eg lagar ho). Steik botnen på 170 grader i ca. 30 min. på nedste rille.
Trøffelkrem
75 g melis
1 dl vatn
3 eggeplommer
150 g smør
1 ss kakao
Ha melis og vatn i ein kjele. Kok det forsiktig til massen blir seig (ca. 8 min). Avkjøl. Pisk eggeplommene, tilsett melismassen ei ei tynn stråle medan du rører godt. Rør inn smøret i små bitar. Tilsett kakao til slutt. Smør kremen på mandelbotnen og sett kaka i kjøleskåpet med ringen rundt.
Fyll
1 pk raud gele
3 dl vatn
500 g marsipan
Lag gele etter rettleiinga på pakken, men bruk berre 3 dl vatn. Hell geleen som har byrja å stivne oppå kaka. Sett den tilbake i kjøleskapet til geleen er heilt stiv. Kjevle marsipanen til ei tynn leiv. Fjern forma frå kaka, og legg marsipanen over geleen. Form den så den blir glatt og fin.
Glasur
1 1/2 plate kokesjokolade
2 ss smør
Smelt sjokolade og smør over svak varme. Avkjøl sjokolademassen litt før den fordelast jamnt over kaka. Pynt gjerne med sjokoladepynt, geletoppar eller noko anna fint.
Denne Troikakaka var jo sjølvsagt like digg som Troika-sjokoladen, og den endar truleg opp som sjølvaste bryllaupskaka vår! På toppen plasserer vi då dette snasne brureparet:
Kaketopp-brureparet fann eg på loftet hos farfar. Ingen veit kven det har tilhøyrt, men eg likar det vintage preget, at brura har gullkjole og ikkje minst; at ho ikkje er blond slik brura ofte er på slike kaketoppar! Synst nesten brureparet liknar litt på meg og min kjære...? ;-)
Fordi vi kom så seint heim frå vår vesle helgetur til Berlin, rakk vi ikkje å stryke og ordne bunadane våre til 17. mai. I staden pynta vi oss med desse fine handperla norske flagga frå Sally Ann - Frelsesarmeens konsept for rettferdig handel. Eit fint alternativ til dei tradisjonelle 17. mai-sløyfene.
3 kommentarer:
Så flott kake:) Håper dere hatt en flott 17 mai feiring:)
Me like :) Så på facebook at du hadde kost deg med troikakake, og håpet du skulle legge ut oppskriften! Tror denne må prøves ut ved første anledning :)
Laga kaka i dåpen til Gabriel og den var mycket god!
Legg inn en kommentar