onsdag 21. juli 2010

Street Art Norway

Heilt sidan eg for første gong bladde i Banksy; Wall and Piece har eg vore fascinert av dei mange politiske, satiriske og humoristiske kunstverka som den engelske grafittikunstnaren Banksy har laga - meir eller mindre ulovleg - på vegger i bybiletet, særskild i London, men også i andre byar over heile verda. Boka - eller rettare sagt bileta - er både morosame og triste, men mest tankevekkjande, og eg blir aldri lei av å bla i denne boka.

Foto: Adrian Pingstone, Wikipedia

Det er òg morosamt å lese om dei mange tekstane han har laga. Han har m.a. besøkt fleire dyreparkar og klatra over til dyra der han har skrive "Vi er lei av fisk" hos pingvinane og "Jeg vil ut. Det er for kaldt her. Dyrevokteren lukter. Kjedelig, kjedelig, kjedelig" hos elefantane (denne er vel mest trist...). Ein liten finurlegheit er òg sitatet på baksida av boka: "There's no way you're going to get a quote from us to use on your book cover" (sitat frå ein talsperson for polititet). For ikkje lenge sidan kom ei liknande bok ut i her i Noreg; Street Art Norway, og i dag kom den endeleg i postkassa mi!


Biletet som ligg bak bloggtittelen min har eg teke i Lofoten, nærare bestemt på Borg på Vestvågøy - like i nærleiken av Liland der mor mi kjem frå. Flugesopp-jenta er måla av gatekunstnarane Dolk og Pøbel, og huset dei har måla på er bygda sitt gamle meieri. Det som eg synst er spesielt kjekt med nettopp dette måleriet er at eg sjølv har ein relasjon til huset, og har òg vore inne i det. I dette huset budde nemlig grandtanta mi i for mange år sidan.


På kortveggen på same hus er Batman og Robin måla, begge som eldre karar. Dette er også det einaste huset i Lofoten eg har kome over. Men Dolk og Pøbel har måla på eit tjuetals hus rundtomkring på Vestvågøy. Prosjekter deira heiter Ghetto Spedalsk og målet til dei to street art-kunstnarane har vore å flytte det urbane kunstutrykket ut i ingenmannsland. På fråflytta og falleferdige hus målar dei opp motiv som dekkjer heile veggen. Samstundes har eit og anna hus visstnok fått vitjing på innsida… Dei fleste veggmåleria er utan namn og tittel fordi kunstnarane ønskjer at publikum skal få tenke og kome med si eiga tolking. Det skal òg nemnast at dei to kunstnarane alltid ber om løyve frå eigarane før dei målar på husa.


Dette biletet av flugesopp-jenta har svogeren min teke, og planen vår er å kopiere det opp i stort format, anten på lerret eller som plakat, og hengje biletet på stoveveggen vår. Eg ventar berre på Fotoknudsen.no sitt jamlege tilbod med 25 % rabatt på lerret...

Foto: Joakim Slørstad 2009

I år vart det diverre ingen Lofoten-tur på oss, då det istaden var Vestlandet som stod for tur, men neste gong vi dreg nordover er planen å dra på ein "street art-rundreise" på Vestvågøy for å lokalisere og fotografere veggmåleria. Det finst ingen oversikt over kor "husan" med veggmåleri ligg, då det er opp til publikum å oppdage dei på rundreise i vakre, vakre Lofoten.

1 kommentar:

Anonym sa...

Kjøpte boka igår selv. Mye bra gatekunst som lages i Norge. Men skulle gjerne visst hvor i Lofoten Dolk og Pøbel har laget sine kunstverk.
Mvh
Bjørn Jarle