Vi har endeleg skaffa oss ei av dei veldig populære 60-tals lampene med tre skjermar. Hurra! Vi har lenge leita etter ei slik. Dvs. leita og leita. Man kan i grunn finne slike lamper i svært mange bruktbutikkar her i Oslo. Men alle vi har funne har kosta ein stad mellom 3000 og 4000 kroner, noko som var heilt uaktuelt for oss. Vår lampe fann vi på bruktmarknaden i Birkelunden, og den kosta "berre" 1700,-. Eg synst jo framleis dette er mykje pengar, men dog - betrakteleg mindre enn 4000 kroner. Vi er særs nøgde med kjøpet!
Fargane på dei tre skjermane gjekk tilfeldigvis også veldig godt saman med Marilyn Monroe-plakaten vår!
Og den står også godt til 60-tals lampa vi hadde frå før, arva frå mine besteforeldre.
Eg kjøpte også dette vesle eselet som trekker på ei vogn med tannpirkerer. Med ein gong eg såg den tenkte eg at ein slik hadde vi heime då eg vaks opp. Men då eg viste den til ho mor så hadde ho aldri sett den før. Hmmm... Lurar på kor eg då har den i frå? Synst iallefall den var svært sjarmerande.
Til slutt fann eg ei fløytemugge med same motiv som mi favoritt-saftmugge, arva frå ho mor.
5 kommentarer:
Kjempekul lampe altså! For et kupp!
Så herlige lamper! Vil bare takke deg for at du tenkte på meg da du skulle dele ut awarden videre :)
Ønsker deg en fin dag på Tøyen!
Hilsen Kardemomme :))
Hei
Vil bare takke for at du tenkte på meg da du skulle dele ut awarden..
Stilige lamper du har!
Ha en fin dag på Tøyen :)
Hilsen Kardemomme
Oops! Trodde jeg mistet den første kommentaren så nå kom det to..
Kardemomme :)
Kjempefin tivoli-lampe!!
Synes bare de er så fine!!
Jeg har visst tre stykker.....
Men to av de fikk jeg veldig billig, så da er det ikke så galt likevel!!
Den siste har beige skjermer, så trist....Skal prøve å få sydd noen nye, må bare finne ut hvordan!!
Takk for du ble med på blogg-basaren!!
Fin kveld og morgendag til deg!!
Klem
Legg inn en kommentar