I kveld kjem mi gode venninne Ellen på besøk. Ho skal få deilige nysteikte cookies, hyllebærsaft og eit varmt teppe rundt seg. I dag skal nemlig balkongen vår innviast for sesongen sjølv om det ikkje akkurat er noko særleg varme ute og balkongen vår framleis ser rimeleg stusseleg ut. Men med tepper, puter, ljos, cookies og saft kan vi iallefall nyte april-sola og den fine utsikta over botanisk hage.
Oppskrifta på desse cookies'ane har eg fått frå Nina (mi syster si venninne) og den gjev omtrent 25 passeleg store cookies.
125 g smelta smør
1,75 dl brunt sukker
1,75 dl kvitt sukker
1 egg
3,75 dl mjøl
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
1/2 ts salt
1,5 plate kokesjokolade
Evt. 2,5 dl hakka mandlar for dei som tåler nøtter...
Bland alt ihop og sett toppar på plata og trykk dei litt ned. Steikast på 200 grader midt i omnen i 8-10 minutt. Avkjølast på plata.
3 kommentarer:
Nam, det så kjempegodt ut! Har en award til deg i bloggen min :)
Ser ut som kjempegode cookies! Hege
Dei var veldig gode også :-) Sprø utanpå og mjuke inni.
Legg inn en kommentar