onsdag 21. april 2010

Kvardagslukke...

... er å sitje i sofakroken med kosebuksa på, fukt-kur i håret, opptak av Frustrerte fruer på skjermen og, det beste av alt, ete søte appelsinbåtar frå ei fjøl med endå søtare tekst (og på nynorsk til og med!). Fjøla kjem frå Ola og Kari og er ei gåve frå min kjære.

2 kommentarer:

Ragnhild sa...

Så søt fjøl! Slik vil eg ha! Den nettsida har eg ikkje sett før, så takk for tipset:-)

Rangla sa...

Ja, dei er grådig fine. Vi har òg ein med teksten "God morgen" skrive med kaviar på ei brødskive :-)