fredag 16. april 2010

Rangla på Tøyen

Arthur i neset, Steinar i hola, Henka på pallen, Agnar på myra, Ola på hogane, Jakob på myrane, Kåre med veien, Alma på resa, Ola med elva, Mathias på håjen, Ludvik under hammaren... Då eg vaks opp var dette namn på ei rekkje bygdefolk heime i Vevring. Ein omtala altså ikkje folk berre med førenamnet sitt, men knytte dei opp mot plassen dei budde. Eg tykkjer i grunn det er ei fin ordning, og det inspirerte meg til namnet på bloggen min. Eg kunne sjølvsagt kalla bloggen min Rangla på Tøyen, men synst det klang betre med Løyen på Tøyen (og fordi eg likte at det rimte!). Min kjære tykte for øvrig at dette med å omtale folk med stadnamn var ein artig greie, og undra på om det var ingen som budde i treet, i fjæra, under ein stein eller oppå ei tue :-)

Ha ein fin fredag!

2 kommentarer:

Ragnhild sa...

Artig, sånn har vi heime også. Den mest kjende er nok Jon i Krokja. (Krokja er dativ for staden Krokjen/Kroken).

No blei bileta store, jo. Så bra!:-D

Rangla sa...

Haha! Er nok eit vestlandsfenomen...

Svært nøgd med at eg endeleg fekk til å leggje ut høgoppløyselege bilete, ja! :-)