fredag 30. april 2010

Sengemat til nybakt mor


Gleda er mest altfor stor til å bera.
Hei, vesle unge, velkommen til jord!
Ubrukt er livet ditt, ope ligg verda,
ventar, og gler seg til dine spor.
- Ingvar Moe -

Då eg vart tante til vesle Jakob i fjor, laga ho mor og min kjære rømmegraut medan eg laga kake, og så trava vi gjennom byen med ei kaketine, ei korg med gåver til den nyfødde og ei rykande varm gryte - såkalt "sengjamat". Eg veit ikkje korleis det er her på austlandet, men på vestlandet har det altså vore vanleg å gå med sengemat  til den nybakte mora. Farmor var veldig flink til halde på denne tradisjonen heime i Vevring. Ho gjekk på barselbesøk til grannar i bygda med nylaga rømmegraut og heimebakt flatbrød under armen. Denne tradisjonen prøver eg no å ta vare på og eg synst det er fint å ta med seg kake når eg vitjar venninner som har fått barn. Denne gongen er det kusina mi, Silje og hennar sambuar Magnvard, som har fått barn - ei lita jente som skal heite Astrid. Vi har no besøkt den vesle familien, og i gåve fekk Astrid dei svært søte og sjarmerande Bø og Bæ-dokkene, boka Bø og Bæ i festhumør og ei saftig og deilig sjokoladekake.

Denne sjokoladekaka er ei svært mektig kake, men den er fantastisk god! Den består av tre lag sjokoladebunnar, sjokoladekrem og marsipankrem, men det er også mango i den, noko som gjer kaka frisk og saftig til trass for all kremen. Om kaka skal bringast eit stykke, eller stå kaldt over natta, bør kakeringen vere rundt slik at ikkje all kremen sklir ut (noko eg sjølvsagt har fått erfare).

Kakebotn:
3 egg
2 1/2 dl sukker
1dl kveitemjøl
1/2 ts bakepulver
3/4 dl kakao
1 ss pulverkaffi
2 ts vaniljesukker
1/2 ts salt
3 dl kesam, 8%
2 ss smelta smør
1 ss vatn
1 ss konjakk

Sjokoladekrem
4 dl kremfløyte
100 g mørk sjokolade

Marsipankrem
150 g marsipan
2 ss portvin
ca. 100 g melis
2 dl kremfløyte

Fyll: 1 mango i terningar
Pynt: 1/2 porsjon sjokoladekrem, kakao og evt. sjokoladepynt

Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland saman dei tørre ingrediensane og vend dei i eggedosisen saman med kesam, smelta smør, vatn og konjakk (evt. brandy). Rør lett til alt er godt blanda. Hell røra i ei form (i oppskrifta står det 24, men då er det noko vanskelegare å dele kaka i tre lag, så eg brukar 22)  og steik kaka på 200 grader, nedste rille i ca. 30 minutt. Avkjøl kaka på rist. Del kaka i tre (her brukar eg min geniale kakedelar. Anbefalast!). Kok opp fløyten og hell den over sjokoladen som er delt i bitar og rør dette jamnt og avkjøl. Pisk kremen opp med ein handmiksar. Her pleier eg å jukse litt, sidan eg ikkje har tolmod til å vente til sjokolade-kremen skal bli avkjølt. Det tar laaang tid før den bli kald nok til å piskast til krem, og bør i grunn helst lagast timar i forvegen, eller setjast i frysaren for avkjøling. Eg piskar istaden fløyten til krem, før eg blandar inn smelta sjokolade. Det fungerer like fint. Riv marsipanen grovt og rør den saman med portvin (evt. sherry) og melis. Pisk fløyte til krem og bland den saman med marsipanen. Legg ein kakebotn på eit kakefat. Dekk med halvparten av sjokoladekremen. Dryss på mangobitar. Legg på den andre kakebotnen og bre marsipankremen utover. Legg på den siste kakebotnen og smør på siste del av sjokoladekremen. Sett kaka kjølig, gjerne til neste dag. Pynt med kakao og evt. sjokoladepynt.

5 kommentarer:

Thea sa...

Det er ein fin tradisjon. Og den kaka ser heilt fantastisk ut! God helg!

Ragnhild sa...

Den kaka såg god ut! Eg diggar søtsyrleg frukt i kombinasjon med sjokolade. Må nok prøva denne, ja!

Øyvind Førland Standal sa...

Den kaka var verkeleg god. Kjekt å sjå deg!

Katrine sa...

Denne kaka inneholder det beste i livet; mango, marsipan og sjokolade. Verdens beste kake -laga av MI SØSTER. Eg er heldig.

Silje Førland Erdal sa...

Takk for dette blogginnlegget og takk for sengjamaten. Kaka var fantastisk! Astrid har Bø og Bæ i vogga og stirrar dei i senk kvar dag. Trur ho likar dei store augo deira.